Opning av nyrestaurert Skagastølsbu

Deltakarane på opning av nyrestaurert Skagastølsbu.
Deltakarane på opning av nyrestaurert Skagastølsbu., Foto: Mari Clementine Østgaard

02. september var det opning av Skagastølsbu - dvs. nyrestaurerte Skagastølsbu. Allereie i 1890 sette Thorgeir Sulheim opp Skagastølsbu eller Hytta på Bandet. Denne bles ned i Midtmaradalen i ein storm vinteren etter og i 1894 vart dagens hytte murt opp. Hytta er enkel med to rom, der det inste vart laga for at damene som skulle klatre kunne skifte....

Innvendig i nyrestaurert Skagastølsbu.

Fram til 1960-talet var det Turtagrø Hotell som hadde tilsyn med hytta, men i ettertid er det DNT som har hatt ansvaret for hytta. Blant anna Odd Eliassen hadde tilsyn med hytta i mange år.

Hytta var ein populær overnattingsplass for klatrere, men på 2000-talet vart hytta definert som nødbu. Hytta ligg i ei sone i Jotunheimen nasjonalpark som skal ha lite tilrettelegging (såkalla vernesone) og den t-merka stien over Bandet ned Midtmaradalen vart fjerna. I dette området kan besøkande oppleve naturen på eiga hand og naturen skal kunne utvikle seg med minst mogleg forstyrring. 

Ovnen som vart sett inn om lag 1910 er nå på plass att. Her kan ein få varme og ikkje minst kan ein tørke opp hytta innvendig. Med den nye konstruksjonen innvendig med massivtre, puster bygget og ein kan i større grad få ut fuktigheit som har vore eit stort problem tidlegare. Brukarar kan nå ta med seg ved på tur for bruk. 

Hytta har gjennom dette prosjektet både blitt sikra som eit kulturminne, som eit fungerande skjul i nødsituasjonar og ei oppleving i seg sjølv for mange år framover. Trass i veldig vanskelege arbeidsforhold, klarte snekkarar og murarar å sette bygge i god stand att. 

Vedlikehald i 2017 både innvendig og utvendig  i Skagastølsbu.

Sentrale personar i dette restaureringsprosjektet har vore:

  • Byggmester Odd Eliassen
  • Snekker Jo Toftdahl
  • Snekker Erik Dahl 
  • Murar Einar Bakken 
  • Prosjektleiar Thomas With (DNT)
  • Initiativtakar Knut Støren (NTK)
  • Historiker og alt moglegmann Arne Larsen

 

(Publisert:12.09.2017)