På pudderjakt? – vis omsyn til villreinen

Villreinen i Hurrungane
Villreinen i Hurrungane

Me har ein spesiell vinter i år med mildver langt inn i seinvinteren. Den luftige pudderen har pakka seg saman og har gjeve utfordringar både for skifolket på pudderjakt og villreinen på matjakt. Difor kjem vi med ei oppmoding: Ta særleg omsyn til villreinen - finne alternative toppturar til Hurrungane.


Hurrungane er vinterområde for villreinen i Vest-Jotunheimen. Her finn han det minimale han treng for å overleve gjennom ein lang vinter på dei avblåste rabbane. Men i år kjem han ikkje ned til maten. Mildver og frost har laga eit hardt isdekke over rabbane. Vinterstid lever villreinen på eit minimum av energi og er grunna isen i år ekstra sårbar for forstyrring. 

Du som skiløpar på jakt etter puddersnø skremmer villreinen. Det kostar villreinen energi kvar gong han må flykte. Til slutt trekker dei vekk, simlene kastar kalven dei ber på eller dei går til grunne. Nokre held på kalven og går til grunne. Ein skiløpar som legg eit nytt spor kan vere like skadeleg som ei gruppe. 

Ingen ønskjer å skade villreinen og me vil alle ha naturvenleg ferdsel i norsk natur. Denne oppmodinga er meint å gje skifolket eit bevisst forhold til villreinen i Hurrungane. Grunna dei heilt spesielle forholda i vinter ber me om at de tar særleg omsyn til villreinen ved å finne alternative toppturar andre stadar. Om de må ta ein topptur i Hurrungane, ber me om at det vert utsett til våren. 

Villreinen er også pressa om våren og for stort press kan hindre simlene å trekke ut mot kalvingsområda. Om du skal inn mot toppane, hald sporet til du har kome opp i fjellsida. Ned att kan du gjerne legge eit nytt spor øvst, men hald sporet ut dalen og ned til Turtagrø. Ser du villrein, trekk vekk og gå rundt. 

Hjelp oss å ta vare på dei få villreinane som er att i Jotunheimen!

Mvh. 
Magnus Snøtun – nasjonalparkforvaltar og toppturentusiast
Marit Svarstad Andersen – høgskulelektor i friluftliv og fjellførar

(Publisert:01.02.2017 Sist endret:24.05.2017)