Skjøtsel av slåttemark i Gjendebu

Slått og raking på seterkvea
Slått og raking på seterkvea

SNO og nasjonalparkforvaltninga samarnbeider med Storådalen Beitelag om skjøtsel av den gamle seterkvea i Gjendebu. Krattrydding, bruk av beitedyr og slåttehelg annakvart år er med og held kulturlandskapet i hevd.

Dugnadsgjengen i Gjendebu 2019 Slåttekarar

Ein stor dugnadsgjeng var samla til slåttehelg i Gjendebu 30/8-1/9. Arbeidet gjekk med liv og lyst, og to av dei tre raudlisteartane vi såg etter vart registrerte. Vanleg marinøkkel er talrik, og vi fann også fire flotte eksemplar av fjellmarinøkkel. Handmarinøkkel vart ikkje registrert, men han kan nok likevel vera til stades. Dette må sjekkast att i komande år. Beitelaget har over hundre storfe i området, og desse gjer ein god jobb med å halde oppe landskapet! I tillegg har vi nokre geitekillingar som er ivrige på rydding. Geitegjetar er verten på turisthytta, Lars Åge Hilde.

Geit Krattrydding 
   
   
Fjellmarinøkkel Vanleg marinøkkel Stell av ljåane
Fjellmarinøkkel Vanleg marinøkkel Stein Windingstad sørgde for skarpe ljåar
(Publisert:05.09.2019 Sist endret:04.11.2019)