Offentleg høyring - Mikrokraftverk ved Skogadalsbøen

Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen har motteke søknad om løyve til bygging av Skogadalsbøen mikrokraftverk i Luster kommune.

Søknaden skal behandlast av nasjonalparkstyret etter vassressurslova § 33 og verneforskrifta for Utladalen Landskapsvernområde, av Luster kommune etter plan- og bygningslova og av Sogn og Fjordane fylkeskommune etter laks- og innlandsfiskelova. Denne felles offentlege høyringa vil bli lagt til grunn for kvar av behandlingane og vedtaka. 

Høyringsfrist: 30.08.2018

Høyringsfråsegn kan sendast via e-post til fminpost@fylkesmannen.no eller per post til Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen, Postboks 987, 2604 Lillehammer.
Sjå brev til høyringspartane.

Synfaring 17. juni 2019:

Vi tek sikte på å kunne starte synfaringa ved turisthytta ca. kl 13.
Eg ber om at alle som har tenkt å bli med varslar underteikna innan fredag 14. juni kl. 10:00, slik at vi får organisert det praktiske opplegget best mogleg. Telefon 948 80 564, e-post
fmopksv@fylkesmannen.no

Referat frå synfaringa ligg her.

Det vart også gjennomført førehandssynfaring av anleggsområdet i juni 2018, der tiltakshavar (DNT Oslo og Omegn), konsulent og nasjonalparkforvaltarane deltok. Prosjektet vart presentert og synfaringsdeltakarane gjekk gjennom heile tiltaksområde frå aktuell inntaksdam til ønskt lokalitet for ny kraftstasjon. Dialog undervegs om detaljar/utfordringar og vurdering av ulike løysingar.  


Skogadalsbøen Turisthytte har i dag energiforsyning frå dieselaggregat, vedfyring og gass. Søknaden gjeld etablering av mikrokraftverk som er planlagt å nytte eit fall på 50 m frå kote 850 ned til kraftstasjonen på kote 800. Utbygginga vil føre til redusert vassføring på denne elvestrekninga i Skogadøla. Det skal leggast om lag 300 m røyrgate.

Middelvassføringa i Skogadøla er oppgjeve til 973 l/s, og kraftverket er planlagt med ei maksimal slukeevne på 195 l/s. Kraftverket vil etter planane gje ein årsproduksjon på om lag 0,514 GWh. All elektrisk kraft blir brukt lokalt då det ikkje er linjekopling mot det eksterne nettet. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 100 l/s i sumarsesongen og 40 l/s om vinteren. 

 


(Publisert:16.05.2019 Sist endret:15.07.2019)