Stigvedlikehald på Besseggen-stigen

Eit førebyggande tiltak mot erosjon: vassrenner som leier vatnet bort frå stigen
Eit førebyggande tiltak mot erosjon: vassrenner som leier vatnet bort frå stigen

Besseggen er den mest nytta turruta i Jotunheimen, og høge besøkstal krev oppfølging frå fleire. Lokale bedrifter har i sommar etablert ei eige teneste - Besseggenpatrulja. Også Nasjonalparkstyret har fokus på Besseggen, og har i år prioritert skilting og vedlikehald her.

Populære turmål krev oppfølging. Nasjonalparkstyret har som eit ledd i besøksstrategien for Jotunheimen prioritert vedlikehald av dei mest nytta turstigane. I år stod Gjendeområdet for tur. På Besseggen-stigen vart det frå 2005 gjennomført omfattande tiltak med steinsetting og kanalisering for å hindre unødig terrengslitasje og erosjon. Tilrettelegginga gjorde at ferdsla vart samla i ein fast trase, og bortleiing av vatn hindra erosjon av smeltevatn og overflatevatn ved store nedbørsmengder. Men trafikerte strekningar krev jamleg vedlikehald, og nasjonalparkstyret prioriterer årleg tiltaksmidlar til stigvedlikehald.

Fint mura vassrenner leier vatnet bort frå stigen

Flinke murarar frå Nepal har i sommar laga vassrenner som leier vatnet bort frå Besseggen-stigen ned mot Gjendesheim, og også gjort ein del førebyggande arbeid på slitasjeutsette strekningar rundt Memurubu og Gjendebu. Arbeidet er koordinert av Statens naturoppsyn, på vegne av nasjonalparkstyret.

Kanalisering og revegetering har gitt resultat

Før og etter: Bileta under viser situasjonen ved oppstart av stiprosjektet 2005 og etter tilrettelegging (foto: SNO)

(Publisert:04.08.2017 Sist endret:12.09.2017)