Stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark 2018 - anbod

Fylkesmannen i Oppland v/ Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen ber om pristilbod på stirestaurering i Jotunheimen nasjonalpark for sommaren 2018. Leverandøren må ha spesialkompetanse på stirestaurering ved bruk av stadeigen stein. For fullstendig utlysing, sjå Konkurransegrunnlag som kan lastast ned som pdf.

Annonseteksten som er lagt ut i Sogn Avis:


Stigvedlikehald Jotunheimen

Ber om pristilbod på stigvedlikehald i Jotunheimen nasjonalpark for sommaren 2018. Arbeidet består av steinsetting på punkt/strekningar som er særleg utsett for slitasje med hovudvekt på «Vintervegen» mot Fannaråken. Arbeidet skal utførast manuelt, utan bruk av maskinar. Arbeidet blir leia av Statens naturoppsyn, og planlagt arbeidsperiode er juli. For fullstendig konkurransegrunnlag, sjå www.nasjonalparkstyre.no/Jotunheimen/ eller kontakt nasjonalparkforvaltar Kari Sveen på telefon 948 80564. Frist: 25. mai 2018.


(Publisert:04.05.2018 Sist endret:08.05.2018)