Turapp har blitt Outtt

Det mest populære i Jotunheimen nasjonalpark; Gjendebåten og Besseggen
Det mest populære i Jotunheimen nasjonalpark; Gjendebåten og Besseggen, Foto: Kari Sveen

I 2015 lanserte Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen turplanleggingsverktøyet Turapp Jotunheimen på heimesida. Dette skulle både vere eit tilbod til besøkande å finne fram og for bedriftene til å presentere sine nærtilbod. Frå 2016 er dette blitt eit fellesprosjekt med under navnet Outtt (med 3 t-er). 

 


 

Gode opplevelser på nettside og i mobilapp

Bakgrunnen for at Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen gjekk i gang med dette prosjektet var å hjelpe besøkande å oppdage fine og nye turmål i Jotunheimen-området og samtidig bli bevisst og lære noko om verneverdiane. Frå 2016 er reiselivsbedriftene meir direkte involvert i arbeidet med utvikling av turer og har dermed eit eigarforhold til produktet. Nasjonalparkstyret er administrator for turane som vert presentert under paraplyen "Jotunheimen nasjonalpark". I tråd med besøksstrategi skal turane eine følgjande tre målsettingar:

  • Bidra til å gje dei besøkande ei betre oppleving
  • Bidra til å auke verdiskapinga i lokalsamfunna rundt verneområdet
  • Bidra til å ta vare på naturverdiane i verneområdet og i randsona


Ny lansering - vidareutvikla mobilapp

Sidan lanseringa i 2015 har appen blitt videreutviklet, og blir sleppt nå i versjon 2, med både norsk og engelsk tekst og med fleire funksjonar. Den oppgraderte appen har fått namnet Outtt og viser turar frå fleire stedar i Norge, men vil automatisk vise fram turane som ligg geografisk nærast deg (så lenge gps-en i mobilen ikkje er avslått). Appen Outtt har fått god mottaking, og har allereie 6000 brukare på landsbasis, og har blitt nemnt på nettsidene til Innovasjon Norge/Visit Norway. Appen er eit fint hjelpemiddel når du er ute på tur, og før du drar kan du planlegge nye turmål på den tilsvarende nettsida www.turapp.no/jotunheimen (fra høsten 2016 - nettsiden outtt.com).

Kvifor Outtt med 3 t'er?

Mobillappen blir også lansert internasjonalt. De tre T'ene står for: plan your Trip, find the Trail og Track yourself! (Planlegg turen, finn stien, og spor deg selv)

For nedlasting av appen - søk etter Outtt på iTunes eller PlayButikken eller gå til www.outtt.com

(Publisert:11.07.2016 Sist endret:27.06.2017)