Ulovleg tagging - eit aukande problem i Jotunheimen

Tagging ved Bukkehåmmåren 2018
Tagging ved Bukkehåmmåren 2018, Foto: SNO/Vågå fjellstyre

I sommar fekk oppsynet melding om tagging ved bruk av spraymåling ved Bukkehåmmåren. Oppsynet reiste opp og prøvde å få fjerna tagginga med målingsfjernar. Det gjekk ikkje heilt, så det som var att vart måla over med grått.

Tagging Besshø 2017
Dette var ikkje første tilfellet med slik aktivitet i Jotunheimen. I august 2017 fekk oppsynet melding om tagging ved bruk av spraymåling på store steinar oppe på toppen av Besshø. Oppsynet reiste opp eit par dagar etterpå og snudde steinane, da det var vanskeleg å få fjerna tagginga med målingsfjernar.


Bileta viser at det kan vera same syndaren som har vore på ferde i år. Vi tek gjerne imot tips dersom nokon har kjennskap til kven som kan stå bak. Sidan liknande signatur dukkar opp fleire gonger, ser vi ikkje bort frå at dette kan skje på nytt.

Også skilt langs Besseggenstigen er prega av at nokon har brukt ein skarp gjenstand og ripa opp skiltoverflata.
Slik oppførsel burde vera unødvendig!

(Publisert:06.12.2018)