Utedag med friluftsstudentar

2.års studentar ved HISF innan idrett og friluftsliv.
2.års studentar ved HISF innan idrett og friluftsliv. , Foto: Espen Hermans

 


Det har vorte ein tradisjon at forvaltningsknutepunktet i Luster tek ein utedag med friluftslivsstudentane frå Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. I år gjekk turen mot Molden.

På Rådhuset i Gaupne sit eit stort fagmiljø med to SNO-arar, tre forvaltarar og kommunalt tilsett naturforvaltar og fjelloppsyn. HISF ønskjer å møte dette miljøet og dra nytte av den samla kompetansen som er her. 

Fokus for dagen er friluftslivsforvaltning. I år hadde me særleg fokus på eit tilretteleggingsprosjekt på Molden. Her er eit godt døme på utfordringane med å legge til rette for auka tal besøkande med parkering og stitilrettelegging. Paradokset med massiv tilrettelegging for å kunne drive med enkelt friluftsliv vart probelmatisert. Me vart vel einige om at slik tilrettelegging kan ein ikkje gjere ved alle turmål. Andre tema var villrein og ski, sykling og tilrettelegging, motorferdsel og ulike rollar innan friluftslivsforvaltninga. 

I tillegg til å vise kva som ligg i verneområdeforvaltninga, er har forvaltningsmiljøet godt av å diskutere problemstillingar med aktive friluftsutøvande ungdom.

(Publisert:24.05.2017 Sist endret:27.06.2017)