Utkikkspunkt Sognefjellet opna av statssekretær Hamar

Statssekretær Atle Hamar frå KLD stod for den høgtidlege opninga. Bjarne Eiolf Holø og Iselin Vistekleiven frå nasjonalparkstyret hjelpte til med snorklippinga
Statssekretær Atle Hamar frå KLD stod for den høgtidlege opninga. Bjarne Eiolf Holø og Iselin Vistekleiven frå nasjonalparkstyret hjelpte til med snorklippinga, Foto: Kari Sveen

Ivar Kvalen, leiaren av nasjonalparkstyret, ønskte velkmen til opninga.

Statssekretær Atle Hamar stod for den høgtidlege opninga av utkikkspunktet på Sognefjellet den 20. august. Tilrettelegginga består av eit informasjonspunkt med sittegruppe, ei heilt særeiga gangbru og ein tilrettelagt gangveg på vel ein kilometer rundt vestre del av Fantesteinvatnet.

Styreleiar Ivar Kvalen ønskte velkomen, og Eldri Volden Mundhjeld og Reidar Svare framførte songar med tilknyting til fjellet. "Som å kome heim" song Eldri, medan Reidar framførte Fjell-Noreg. Jeanette Schakenda var med og markerte opninga med lurslått og fanfare.

Hege Husby Talsnes saman med bruingeniør Florian kosche
Hege Husby Talsnes orienterte om satsinga på merkevaren Norges Nasjonalparker, mens ingeniør Florian Kosche forklarte den særeigne brua. 

Utkikkspunkt Sognefjellet er det første utkikkspunktet som er realisert i Noreg etter den nye merkevaredesignen "Noregs nasjonalparkar". Dette er ei nasjonal satsing som Miljødirektoratet står bak. Jotunheimen nasjonalpark var i tillegg til Rondane, Hallingsskarvet og Varangerhalvøya plukka ut som pilot til dette prosjektet. Jotunheimen sitt oppdrag var å realisere eit nytt utkikkspunkt. 

Merkevara "Noreg nasjonalparkar" skal identifiserast gjennom konseptet portal. "Ein portal er ein inngangsport som også symboliserer overgangen mellom to dimensjonar; det kultiverte og det naturlege. Ein ny og samlande visuell identitet opnar porten til nye opplevingar, senkar terskelen for besøk og auker kunnskapen om naturen. 

Saman tek vi vare på det aller finaste vi har." Utkikkspunkt Sognefjellet tek utgangs punkt i dette konseptet med å leie folk enkelt ut, pirre nyfikenheita gjennom den særeigne brua og gje besøkande både ei oppleving og informasjon. 

Arbeidslaget bak utkikkspunktet

Representantar for arbeidsgjengen:
Petter Bråten - Ottadalen Anlegg (O.A.), Ragnhild Momrak - Dronninga Landskap, Jostein Bøe - Stryvo, Ard Mikal Kleppe - Stryvo, Bent Sigurd Støyva - Stryvo, Martin Bråten - O.A., John Ove Bolstad - O.A., Tore Valstad - NGI, Florian Kosche - DIFK Kosche.


Etter å ha "svevd" over brua, kan ein ta avstikkaren opp til utsikten. Dette er ein vanleg turstig med ein flott utsikt mot store fjellmassiv som Smørstabbtindane og Hurrungane/Fannaråken. 

Mot Smørstabbtindane Utkikkspunkt Sognefjellet - svevande speglbru Fannaråken
(Publisert:22.08.2018 Sist endret:09.09.2018)