Vi gratulerer vinnarane av konkurransen!

Den flotte vårblomen er mogop, også kalla bukkeblome (i Lom) eller geitblome (i Vågå)
Den flotte vårblomen er mogop, også kalla bukkeblome (i Lom) eller geitblome (i Vågå), Foto: Kari Sveen


I anledning 40-års jubileet for Jotunheimen inviterte nasjonalparkstyret til konkurranse. Vi har no kåra topp tre i konkurransen.

1. premie, bok om Norges nasjonalparker: Ingvild Øyjordet

2. premie, sitteunderlag: Kjetil Kjernsmo og Sveinung Råheim

Vi har også trekt eit sitteunderlag og nokre grøne Jotunheimen-koppar blant deltakarane.

Vi takkar for mange gode svar og gratulerer vinnarane!


Svar på spørsmåla:

Spørsmål 1:
Fjella har vokse opp ved at magma har blitt
pressa opp gjennom sprekker i jordskorpa, og dei harde Jotunbergartane er motstandsdyktige mot erosjon.

Spørsmål 2:
Den flotte vårblomen er mogop, også kalla bukkeblome (i Lom) eller geitblome (i Vågå).

Spørsmål 3:
Det er 4 DNT-hytter i Jotunheimen nasjonalpark. (Skogadalsbøen ligg i Utladalen landskapsvernområde).

Spørsmål 4:
Fuglen som var avbilda og som du kan treffe på i Jotunheimen er steinskvett.

Spørsmål 5:
Tettegras er den kjøtetande planta som var avbilda. Insekt som set seg fast på den klebrige bladrosetten blir fortært av enzymar som planten skil ut.


Spørsmål 6:
Det er jerven som har sett att spora i snøen.

Spørsmål 7:
Haukugle

Spørsmål 8:
Issoleie er høgfjellsarten som var avbilda.

Spørsmål 9:
Smaragdfargen i elva Utla skuldast fine leirpartiklar i breslammet som breelvane fører med seg.

Spørsmål 10:
Kreftkjuke, Inonotus obliquus, har vore nytta i folkemedisin og har lang kulturhistorie som medisin i Russland.

(Publisert:15.12.2020 Sist endret:17.02.2021)