Villrein og påskeutfart

Villrein i Hurrungane
Villrein i Hurrungane, Foto: Einar Fortun

 


Påska er i gang og mange er på fjelltur om dagen. Tidlegare i vinter vart det sendt ut varsel til turgåarar om å finne alternative stadar å reise på tur enn Hurrungane. Det skuldast den spesielle vinteren me har hatt i vinter med mildver heil opp på fjellet. Toppturfolket har vist stor forståing for dette varselet og halde seg vekke frå villreinområda nå i vinter. Takk til alle. 

 

Nå har våren kome oppover på fjellet også og tilhøva til villreinen er ikkje lenger så kritisk. Men villreinen er i ein sårbar periode nå rett før kalving og det er viktig at han ikkje vert uroa unødig. Det er særleg viktig at simlene kjem seg til kalvingsområda sine og at viktige trekkruter ikkje vert blokkert, særleg Ringsdalen og Styggedalen. 

Villreinnemnda har laga eit skriv med ein del råd som turfolket kan legge seg på minne før dei reiser på tur i Hurrungane - sjå her

(Publisert:11.04.2017 Sist endret:24.05.2017)