Besøksstrategi for Jotunheimen og Utladalen

Besseggenstien etter stiprosjektet
Besseggenstien etter stiprosjektet, Foto: Rigmor Solem - SNO

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde er eit av dei mest besøkte verneområda i Noreg. Med bakgrunn i den nasjonale satsinga på verdiskaping basert på naturarven, er det utarbeida ein besøksstrategi.

Målsetjinga med besøksstrategien har vore:

   1. Bidra til å gje dei besøkande ei betre oppleving
   2.
Bidra til å auke verdiskapinga i lokalsamfunna rundt verneområdet
   3.
Bidra til å ta vare på naturverdiane i verneområdet og i randsona

 

Framlegget til besøksstrategi er utarbeida av Fylkesmannen i Oppland i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og har blant anna teke utgangspunkt i tre brukarundersøkingar i verneområdet (1992, 2002 og 2010). Strategien har eit klart brukarpersepektiv og omfattar berre forvaltninga sitt ansvarsfelt. Han er ei utdjuping av forvaltningsplanen.  

Nokre tema og hovudpoeng frå dokumentet:

Tilbod til besøkande og organisering:
Det er ei sterk satsing på reiseliv i lokalsamfunna rundt Jotunheimen og Utladalen, men det finns ikkje ein felles strategi eller organisering. Dei kommersielle tilboda vert marknadsført mot "sin del" av verneområdet og ikkje-kommersielle nettsider som dekker heile verneområde, har begrensa informasjon om tilboda i randsonene (dei kommersielle).
Forvaltninga av verneområdet er basert på ei soneinndeling som skal sikre både urørt natur og bruksområde for aktivitetar.

 Bruken av verneområdet:
- Besøkande på rundreise pregar verneområdet. Utlendingane er i fleirtal av dei som reiser rundt parken, mens nordmenn er i fleirtal av dei som er inne i verneområdet.
- Stadig fleire nasjonalitetar.
- Jotunheimen appelerer til dei yngre; aldersgruppa 55+ utgjer 20% av dei registrerte i Jotunheimen, mot 37% i Rondane.
- Fleire som kortane fleirdagarstuar (2-3 dagar).
- Meir tilfreds med forvaltninga.
- ca. 90% av dei besøkande har bestemt seg for å besøke verneområdet før dei reiste. 40% har bestemt seg meir enn 3 mnd. før avreise.
- ca. 60% av dei besøkande har verneområdet som hovudmål, mens ca 1/3-del besøker verenområdet som del av rundtur.
- Norske besøkande er meir positive til tilrettelegging enn utanlandske.
- ca. 80% av tilreisande (ikkje-lokale) overnatta i eller i utkanten av verneområdet i samband med turar i 2010.

Utfordringar:
- Få til ein målstyrt og kunnskapsbasert besøksstrategi.
- Besøksforvaltning er ressurskrevjande.  
- Rolleavklaring mellom forvaltning og reiseliv.
- Heilskapleg forståing og tilnærming.

Prioriterte tiltak:
- Tiltak retta mot sommarsesongen.
- Opprusting av innfallsportane.
- Utvikle opplevingstilbod som er korte tidsmessig ved nokre innfallsportar.
- Heilskapleg informasjonstrategi.
- Sikre verneverdiane: informasjon, restaureringstiltak og overvakning.


 


Status:
Fylkesmannen i Oppland starta opp arbeidet med besøkstrategi i 2008 som del av bruk og vernprosjektet. Det er ikkje tidlegare laga slik strategi i Noreg.

Utkastet vart lagt på høyring av Fylkesmannen i Oppland frå 27. mars til 01. juni 2012.

Basert på høyringsuttalar vedtok Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen "Besøksstrategi for Jotunheimen og Utladalen 2013-2017" 07. november 2012.

(Publisert:17.09.2012 Sist endret:13.06.2017)