Forvaltningsplan

Garden Skåri vart restaurert frå 1996 - 1998 og er i dag besøkssenter.
Garden Skåri vart restaurert frå 1996 - 1998 og er i dag besøkssenter., Foto: Rigmor Solem - SNO

Forvaltningsplanen skal utdjupe og presisere dei einskilde verneforskriftene. Nasjonalparkstyret er ansvarleg for utarbeiding av forvaltningsplanen. Planen er eit praktisk hjelpemiddel som skal sikre ei heilskapleg forvaltning. Planen gjev konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningsliner for bruk, informasjon, skjøtsel og tilrettelegging. På denne måten bidreg forvaltningsplanen til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområdet.

Forvaltningsplanen kan ikkje innehalde retningsliner eller tiltak som er i strid med verneforskriftene. I ein del tilfelle vil det vere behov for skjøtselstiltak for å ta vare på naturkvaliteter i tråd med verneformålet.

Forvaltningsplanen er under revisjon etter at reviderte verneforskrifta vart vedteke av Kongen i statsråd 14.11.2014. Framlegg til forvaltningsplan basert på høyring i 2007 vart oversendt direktoratet for godkjenning i 2008. Denne ligg til grunn for dagens forvaltning og er utgangspunktet for revisjonsprosessen.

(Publisert:15.10.2015 Sist endret:19.10.2015)

Revisjon av forvaltningsplan 2015-2017

Falketind og Stølsnostid i Koldedalen

I tillegg til verneforskrifta er forvaltningsplanen er det viktigaste forvaltningsverktøyet me har. Her kan me vurdere det samla bilete og prinsippa for einskildsaker. Her må me også prøve å sjå på utviklingstrekk og vurdere kva som skjer rundt oss.

(Publisert:15.10.2015 Sist endret:07.03.2016)

Revisjon av verneforskrifter og forvaltningsplan 2004-2014

Skagadalen i morgondis

Den første forvaltningsplanen for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart godkjent i 1998 (Rapport 4-1998, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane). 

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:15.10.2015)