Revisjon av verneforskrifter og forvaltningsplan 2004-2014

Skagadalen i morgondis
Skagadalen i morgondis, Foto: Magnus Snøtun

Den første forvaltningsplanen for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart godkjent i 1998 (Rapport 4-1998, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane). 

Oppstart:
I 2004 starta arbeidet med å revidere denne. Det var behov for revidering av både verneforskrift og forvaltningsplan, og det vart lagt opp til parallell behandling. Oppstartmelding vart sendt ut 27.august 2004.

Det vart oppretta ei referansegruppe med blant anna medlemmer frå tilsynsutvala i dei ulike kommunane. Denne referansegruppa hadde fire møte i forkant av oversending av utkast til revidert verneforskrift og utkast til forvaltningsplan til Direkoratet for naturforvaltning (DN) for fagleg gjennomgang. Dette vart oversendt 06.06.2006. 
- Framlegg til nye verneforskrifter
- Framlegg til ny forvaltningsplan

Høyring:
Etter tilbakemelding frå DN og nytt møte i referansegruppa vart endeleg utkast til revidert verneforskrift og forvaltningsplan sendt på høyring 22.august 2007 med høyringsfrist 31.12.2007. Det kom inn ca 40 uttaler til høyringsframlegga på nye verneforskrifter og forvaltningsplan. Fylkesmennene oppsummerte høyringsfråsegna og gjorde nokre endringar i dei endelege dokumenta som vart oversendt DN 3.juli 2008:
- Oppsummering av høyring av nye verneforskrifter
- Framlegg til nye verneforskrifter
- Oppsummering av høyring av ny forvaltningsplan
- Framlegg til ny forvaltningsplan 

Endeleg godkjenning:
Forvaltningsplanen skal godkjennast endeleg av DN, men først må verneforskrifta vedtakast av regjeringa ved Kongeleg resolusjon. Tilråding til endring av verneforskriftene måtte derfor sendast frå DN til Miljøverndepartementet. Som følgje av at Naturmangfaldslova trådde i kraft 01.juli 2009, måtte det gjerast endringar i verneforskriftene og forvaltningsplanen av DN. Referansegruppa og fylkesmennene vart involvert i dette. Endeleg framlegg til nye verneforskrifter og forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart oversendt til Miljøverndepartementet for endeleg godkjenning 23.juni 2010.
- Tilråding til MD frå DN om endring av verneforskriftene
- Framlegg til nye verneforskrifter frå DN til MD

14.11.2014 vart reviderte verneforskrifter for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vedteke av kongen i statsråd.
- Oversendingsbrev til aktørar med kong. res.

Verneforskriftene er dei formelle rammene for forvaltninga av verneområdet. Forvaltningsplanen er ei presisering av verneforskriftene og ei oppsummering av forvaltningspraksis. Framlegg til revidert forvaltningsplan vert derfor brukt i dag som grunnlag for innarbeida forvaltningspraksis der det ikkje er i strid med gjeldane verneforskrift.

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:15.10.2015)