Revisjon av forvaltningsplan 2015-2017

Falketind og Stølsnostid i Koldedalen
Falketind og Stølsnostid i Koldedalen, Foto: Thor Østbye - SNO

I tillegg til verneforskrifta er forvaltningsplanen er det viktigaste forvaltningsverktøyet me har. Her kan me vurdere det samla bilete og prinsippa for einskildsaker. Her må me også prøve å sjå på utviklingstrekk og vurdere kva som skjer rundt oss.

Utgangspunktet for revisjonen nå er høyringsprosessen frå 2007. Dette var ein grundig prosess som involverte mange av dei same aktørane som blir involvert nå. Det gjennomarbeida dokumentet som vart sendt til direktoratet for godkjenning har fungert som rettesnor for forvaltninga sidan 2008. Innhaldet i dette dokumentet vil i stor grad bli med i ny forvaltningsplan. Her er ein oversikt over førre prosess relaterte dokument. 

Men nokre endringar må gjerast for å tilpasse forvaltningsplanen til dagens mal:

  • Ut: historikk og generelt om verneområdet. 
  • Endring: Soneinndeling er ikkje lenger del av mal, men godt innarbeida her (endre omgrep "brukssone"). 
  • Inn: Forvaltningsmål, bevaringsmål og besøksstrategi (retningslinjer vedteke i 2012).
  • Som før (hovudsakleg): retningliner for brukarinteresser


Framdrift
:

  • Frist for merknader til oppstart - 15.11.15
    Møte med fagleg rådgjevande utval
    Opne kommunevise møte 
  • Utarbeiding av plan - vinter 2016
  • Godkjenning av direktoratet - våren 2016
  • Høyring - sommaren 2016
  • Ferdigstilling - 2017

 

Me ønskjer dialog med alle brukarar og brukarinteresser i denne prosessen. Ta kontakt om noko dukker opp undervegs. Referat, rapportar og anna relevant materiale vil bli lagt tilgjengeleg på denne sida som lenker. 

(Publisert:15.10.2015 Sist endret:07.03.2016)