Avslutta tiltak

Flaten og Vetti gard i Utladalen
Flaten og Vetti gard i Utladalen, Foto: Rigmor Solem - SNO


 

Sidan opprettinga av verneområde med vedtaket av verneforskrifta 1980, har det blitt gjennomført og iverksett ei rekke tiltak og prosjekt i verneområdet.

Under er ei opplisting av større tiltak og prosjekt i verneområdet dei siste åra kor verneområdeforvaltninga har finansiert eller styrt prosjekta. I tillegg kjem fleire mindre tiltak eller tiltak som er gjennomført av private eller frivillige organisasjonar. Under er dei største tiltaka/prosjekta opplista kronologisk etter avslutningsår.

 

Prosjekt / tiltak Verneområde  Skildring Oppstart Avslutning
Bygningar Avdal Gard Utladalen Alle bygningane på Avdalen er restaurert eller sett opp att. Arbeidet leia av "Miljøprosjektet i Avdalen" og seinare Stiftinga Avdal Gard. Mykje dugnad og økonomisk støtte blant anna frå STILK/SMIL og verneforvaltninga. 1991 2012
Bru Vetti Utladalen Restaurering av brua over til Brendeteigen etter flaumskade. Murearbeid. 2011 2011
Bru Skogadalsbøen Utladalen Omfattande restaurering av Storebrui. 2011 2011
Brygge Gjendebu Jotunheimen Etablering av ny brygge. Ombygging og vedlikehald av den gamle brygga. 2011 2011
Toalett Veodalen Jotunheimen Etablering av utedo ved parkeringa ved bommen 2010 2010
Fjøs Gjendebu Jotunheimen Den gamle fjøsen på Gjendebu vart restaurert med tradisjonelle metodar. Deler av arbeidet vart gjennomført som kurs. I dag vert fjøsen nytta som overnattingsmogleheit for gjester på Gjendebu 2008 2010
Steinbu Vormeli Utladalen

Omfattande vedlikehald av mur og tak bustadhuset (steinbu).

2009 2009
Utkikksrampe Vettismorki Utladalen Restaurering av utkikksrampe på toppen av Vettisfossen. 2008 2008
Bru Vettismorki Utladalen Ny bru over Morka-Koldedøla. 2008 2008
Gangbanar Krossbu Jotunheimen Legging av gangbanar over dei blautaste partia inn til Smørstabbreen. 2007 2008
Gangbanar Skogadalsbøen Utladalen Legging av gangbanar mellom Bøen og Uradalen 2007 2007
Steinbu Vormeli Utladalen Restaurering av bustadhus (steinbu) på Vormeli i regi av "Vormelis venner". Blant anna støtte frå DNT. 1975 1975
Søppelrydding: Galdhøpiggen, Fanaråken, Avdalen   Rydding av større oppsamlingar av søppel og skrot som dukker opp særleg ved stor avsmelting.    
Parkeringsplassar: Fleire   Vedlikehald og utbetring av parkeringsplassar ved innfallsportar.    

Infotavler:
Fleire

  Oppsetting av infotavler og infoskilt ved innfallsportar    
Stirestaurering: Fleire   Stort program for restaurering av stiar i Jotunheimen og Utladalen. Pågåande, men parsellar vart fedigstilt kvart år. Sjå meir    

 

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:25.09.2013)