Pågåande tiltak

Utladalen Naturhus i vårbløming
Utladalen Naturhus i vårbløming, Foto: Magnus Snøtun


 

Det er kvart år ei rekke tiltak som vert gjennomført i verneområda. Under er ei liste over prosjekt som er i gong eller som krev regelmessig vidareføring.

Tiltaka vert vurdert og prioritert av Nasjonalparkstyre for Jotunheimen og Utladalen. Det kan vere vedlikehald og opprusting av infrastruktur, informasjonstiltak eller årleg skjøtsel. Finansiering av tiltak kan vere spleiselag mellom myndigheiter, organisasjonar og/eller private. Nasjonalparkstyret søkjer blant anna kvart år om midlar til tiltaksprosjekt sentralt saman med SNO.

 

Prosjekt  Verneområde Oppstart Planlagt avslutning
Stirestaureringsprosjektet Jotunheimen og Utladalen  2005  -
Naturveiledningsprosjektet Jotunheimen og Utladalen 2009  -
Kulturlandskapsskjøtsel Utladalen  Utladalen  1991  -
Kulturlandskapsskjøtsel Gjendebuområdet  Jotunheimen  2000  -
Overvakning av ugler og dagrovfuglar Utladalen 2012  2014
Restaurering av steinsel på Skogadalsbøen  Utladalen  2011  2013 

 

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:25.09.2013)