Kulturlandskapsskjøtsel i Gjendebuområdet

Gjendebu og Gjendebåten.
Gjendebu og Gjendebåten., Foto: Magnus Snøtun

 

Gjendebu i Lom kommune er eit av få område innanfor Jotunheimen nasjonalpark med langvarig menneskeleg påverknad. Her har vore støl for gardar i Lom langt tilbake og blant anna Gjendine Slålien vart fødd her i 1871. Ho vart seinare kjend med blant anna Edward Grieg og var budeie på både Skogadalsbøen og Spiterstulen. Ho representerer tidlegare generasjonar som levde både i fjellet og av fjellet.

Kulturlandskapet har dei siste tiåra gjennomgått ei gradvis gjengroing, samtidig som dei mange fotturistane som besøker området krev spesiell tilrettelegging for å unngå at slitasje skal gå ut over naturverdiane i området. Dette var bakgrunnen for å lage ein skjøtselsplan for området (Sahlgaard& Claudius2001). Skjøtselsplanen byggjer på hovudlina i forvaltningsplanen for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde(Bø 1998).

Allereie før skjøtselsplanen vart vedteken (i 2001), starta rydding av trær og busker på tunet og slått og rydding av trær på den gamle setervollen vest for Gjendebu. Dette vart vidareført i 2002 og 2003, men etter ei synfaring i området i september 2003 vart det gjort en del endringar i skjøtselstiltaka. Det vart då utarbeida ein revidert tiltaksdel for Gjendebuområdet, på bakgrunn av skjøtselsplanen (Fylkesmannen i Oppland 2003).

I den reviderte tiltaksdelen er det eitt punkt som omhandlar kartlegging av biologisk mangfald. Det vert føreslått ei registrering som omfattar både sopp og anna flora. Registreringa skal danne grunnlag for vidare skjøtsel i området (Fylkesmannen i Oppland2003). Miljøfaglig Utredning gjorde en slik kartlegging i 2004 og tilrådde skjøtselstiltak innanfor i alt 10 delområder (Larsen 2005). Tiltaka vart vurdert av Miljøfaglig Utredning i 2012 og det vart føreslege nokre justeringar.

Frå 2012 har det vore ein avtale med Storådalen beitelag om at dei skal gjennomføre skjøtselstiltak med rydding av kratt og slått. I 2013 var det gjennomført ei slåttehelg på Gjendebu med fokus på tidlegare bruk av området "I Gjendine Slålien sine fotefar". Bøen vart då slege med ljå, og graset fjerna for å sikre dei sårbare artane som er knytt til fattig slåttemark.

(Publisert:16.01.2013 Sist endret:08.10.2013)