Kulturlandskapsskjøtsel i Utladalen

Maskinslått på Vetti.
Maskinslått på Vetti., Foto: Rigmor Solem - SNO


Utladalen landskapsvernområde er eit storslage naturområde med bratte fjell og djupe gjel. I tillegg til dei store formene, er Utladalen prega av folk som har virka og levd i området. Kulturlandskapet med bygningar, slåttemark, haustingsskog, ferdselsveger og andre spor står att og gjev området ein ekstra dimensjon.

Det vart utarbeida ein eigen skjøtselsplan for Heimre Utladalen i 1998, men kulturlandskapsskjøtselen starta ennå nokre år tidlegare. I tillegg til dei fire delområda som skjøtselsplanen deler Heimre Utladalen opp i, har det også i samband med revisjon av skjøtselsplanen blitt starta opp skjøtsel i Øvre Utladalen. I linkane under er ein nærare presentasjon av tiltak som er gjennomført i dei ulike delområda.

Hjelle

Skåri

Avdalen

Vetti

Øvre Utladalen


I 2009 vart det starta arbeid med å revidere skjøtselsplanen. Den reviderte planen omfattar eit noko større område (med Øvre Utladalen), men byggjer vidare på planen frå 1998. Det er venta høyring av den reviderte skjøtselsplanen i 2013. 

(Publisert:08.01.2013 Sist endret:08.10.2013)