Naturveiledningsprosjektet i Jotunheimen

Naturvegleiing av skuleklasse.
Naturvegleiing av skuleklasse., Foto: Rigmor Solem - SNO


 

Hovudmålsetting for Naturvegleiing i Jotunheimen:
- gje besøkande innsikt i, forståing for og kunnskap om natur- og kulturarven i Jotunheimen.

 

Ved markeringen av SNO sitt 10-årsjubileum i 2006 la politisk leiing i Miljøverndepartementet sterk vekt på SNO si rolle som vegleiar og kunnskapsformidlar i møtet med publikum. Med bakgrunn i dette tok forvaltningsmiljøet i Jotunheimen hausten 2008 initiativ til eit forsøksprosjekt med sesongtilsette naturvegleiarar i sommarsesongen. Dette skulle vere eit viktig supplement til den naturvegleiinga som SNO og andre aktørar utfører elles. Ei prosjektgruppe vart etablert av Fylkesmannen i Oppland, Norsk Fjellmuseum, Utladalen Naturhus og SNO Jotunheimen (prosjektleiing).

Hovudmålsettinga er å gi besøkande innsikt i, forståing for og kunnskap om natur- og kulturarven i Jotunheimen. Fokus har vore naturvegleiing knytt til "tilfeldige møte" langs vandrerutene. Det er i tillegg arbeidd med tematiske vegledingsopplegg, naturstiar, informasjonskveldar/dagar og kurs. Hovudtema kan oppsummerast i følgjande fem punkt:

Lokal natur- og kulturhistorie.
Flora og fauna i Jotunheimen.
Geologiske prosesser som har forma landskapet.
Verneformål.
Klimaendringar og korleis det påverkar dyre- og plantelivet.

Ved oppstarten i 2009 vart tilsett seks naturvegleiarar fordelt på tre team. Naturvegleiarane måtte gjennom ei opplæring før oppstart. Frå starten av juli til utgangen av august var alle naturveiledarane i sving ute i sine respektive arbeidsområde. Eitt team opererte på Lomsida av nasjonalparken. Det andre teamet hadde Gjendeområdet og Vågå sin del av nasjonalparken som ansvarsområde, mens det tredje teamet jobba med utgangspunkt i Utladalen, på sør- og vestsida av Jotunheimen. I tillegg til å vere mykje ute der folk ferdes, vart det lagt vekt på at dei skulle samarbeide med turistbedriftene og andre aktørar i området.

I perioden 2010 til 2012 har det vore tilsett ein til to naturvegleiarar gjennom sommarsesongen. Tilbakemeldingane frå brukarane har vore einsidig gode og under er erfaringane frå desse åra oppsummert:

 • Stor læringseffekt av vegleiing i utemiljø — organisert i grupper i tilknyting til natur- og kulturmiljø.
 • God erfaring med å bruke "det tilfeldige møte" langs turstiar, på turisthytter, Gjendebåten og tilhørande kaianlegg og gjerne i kombinasjon med lysbildeforedrag kvelden før.
 • Behov for permanent natur- og kultursti ved Gjendebu og Gjendesheim. Dette er aktiviserande samtidig som det er informativt, og det er tilgjengeleg for turistar og andre heile tida.
 • Aktivitetsarrangement gir rom for både oppleving og innleving.
 • Etterspurnad etter naturvegleiing av skuleklassar, turlag, fellesturar DNT, turleiarar DNT og liknande.
 • Viktig å prioritere kvalitet kontra kvantitet.
 • Jamn kontakt med dei ulike aktørane i lokalområdet er både nyttig og naudsynt.
 • Prosjektet har auka bevisstheita knytt til naturvegleiing lokalt og blant anna resultert i internasjonalt seminar i Lom.

For meir detaljar, sjå årsrapport

(Publisert:28.11.2012 Sist endret:16.01.2013)