Stiprosjektet i Jotunheimen

Besseggenstien etter stiprosjektet
Besseggenstien etter stiprosjektet, Foto: Rigmor Solem - SNO

 

Stiprosjektet i Jotunheimen vart sett i gong i 2005. Vedlikehald av stinettet er ei utfordring, anten i høgfjellet eller i låglandet. Einskilde stadar må sti vere i stad for å kome seg trygt fram eller fram i det heile,  mens andre stadar må folk kanaliserast inn i eitt spor for å unngå erosjon og vegetasjonsslitasje. Begge utgangspunkt kan vere knytt til verneverdiar og verneformålet.

God ressursutnytting er ei målsettig for forvaltninga og ideen har vore å finne varige løysingar som tek vare på verneverdiane og samtidig reduserer behovet for vedlikehald. Prosjektet har henta erfaring frå andre stadar i verda (blant anna Snowdonia i Wales) og gjort seg praktiske erfaringar her heime.

 

Arbeid med blant anna gravemaskin på Besseggenstien.Hovudprosjektet var i utgangspunktet restaurering av Besseggenstien. Over ein million kroner skulle brukast årleg for å sett i stand att stien. Både helikopter og ei mindre gravemaskin vart blant anna brukt. Mykje av stien er nå steinlagt og mange "villstiar" og vegetasjonssår er revegetert i dag.

Besseggenstien er ein av dei mest brukte turstiane i høgfjellet i landet, men også fleire andre stadar er det behov for vedlikehald, hovudsakleg gjennom steinarbeid. Prosjektet er derfor utvida til å gjelde heile verneområdet og har gjennom åra teke fleire utfordrande parsellar. Gjennomføringa av restaureringsarbeidet har også endra seg sidan starten. Dei siste åra har Muring av natursteinsmur. Manuelt arbeid av sherpaer.Geirr Vetti blitt engasjert til å gjennomføre arbeidet med sherpaene sine. Dette er steinarbeidarar som bur i fjella i Nepal og som er van med å drive med manuelt steinarbeid. Stirestaurering skjer dermed utan særleg maskinelt arbeid i dag og ein nyttar stein som ligg i nærleiken av stien. Per 2012 er det brukt over 6 millionar kroner på restaurering av stiar i Jotunheimen og Utladalen.

Erfaringane frå prosjektet er mange. Brukarane har gjeve gode tilbakemeldingar og bruk av naturstein gjer både eit estetisk fint resultat og ei varig resultat. Men sjølv om sluttresultatet er solid og varig, viser det seg at tiltaka krev vedlikehald, både grunna stor bruk og naturleg erosjon (særleg når somrane er våte). 



Stiparsellar som er restaurert med steinlegging og muring:

Stiparsell Tiltak Merknad  År
Besseggenstien Steinlegging, muring, grøfting og revegetering av skada område. Stort prosjekt mellom Gjendesheim og Memurubu. Brukt helikopter og gravemaskin. Krev vedlikehald 2005 - 2009
Besseggenstien Vedlikehald Oppfølging og reperasjon av slitase 2013
Visdalen - Galdhøpiggen Steinlegging, grøfting og muring. Viktig å kanalisere ferdsel. 2011
Opp mot Glittertind frå vest. Steinlegging, grøfting og muring.   2011 
Langs Gjende Punktvis muring og vedlikehald   2012
Mellom Gjendesheim og Hamnsand Fjerning av einer og drenering av vatn Som eit "Opplev Jotunheimen på ein time" tilbod må stien halde høg standard. 2013
Opp mot Fanaråken frå Helgedalen. Steinlegging grøfting og muring.   2009 - 2010
Opp mot Svartdalen frå Gjendebu. Steinlegging og muring.   2012
Rauddalsbandet mellom Olavsbu og Leirvassbu Steinlegging og muring. Blitt vanskeleg grunna stor snøsmelting.   2012 og 2013
Mot Fleskedalen frå Skogadalsbøen. Steinlegging, halvkløvingar og drenering.   2008, 2012 og 2013
Gjertvassdalen Steinlegging, grøfting og drenering.    
Opp mot Vettismorki frå Vetti. Steinlegging og muring. Oppe på Vettismorki er det lagt ut halvkløyvingar.   2009 
Mot undersida av Vettisfossen frå Vetti. Steinlegging og muring. Krev årleg vedlikehald 2011 
Opp mot Avdalen frå Vettisvegen. Steinlegging, grøfting og muring. Krev årleg vedlikehald.  2008 - 2010 
(Publisert:15.01.2013 Sist endret:05.06.2014)