Jotunheimen nasjonalpark

Utsyn frå Besseggenstien mot Surtningssue.
Utsyn frå Besseggenstien mot Surtningssue., Foto: Magnus Snøtun

 

Jotunheimen nasjonalpark er "Noreg sitt tak" med dei høgste fjella i landet. Nasjonalparken er også symbolet for tradisjonelt friluftsliv med fotturar, tinderangling, jakt og fiske. Delar av verneområdet er utan særlege tyngre tekniske inngrep og er definert som vernesoner i forvaltningsplanen. Område nærare tekniske anlegg som vegar og turisthytter er definert som brukssoner.

Nasjonalparken ligg i fem kommunar i to fylke; Luster og Årdal i Sogn og Fjordane og Lom, Vågå og Vang i Oppland. Nasjonalparken er på 1151 km2 og er i hovudsak over skoggrensa. Vernevedtaket vart gjort 05. desember 1980. Forskrifta vart revidert 14.11.14.

KVIFOR VERN

Føremålet med Jotunheimen nasjonalpark er å verne eit vilt, eigenarta, vakkert og i stor grad urørt fjellandskap med dyre- og planteliv på overgangen mellom austlandsk og vestlandsk fjellnatur.

Verneforskrift for Jotunheimen nasjonalpark

Kart over verneområdet

 

Revidert verneforskrift:

I 2004 vart det sett i gang ein prosess for å revidere verneforskriftene for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Reviderte forskrifter vart endeleg vedtekne av Kongen i statsråd 14.11.14, sjå Kongeleg resolusjon om nye forskrifter her.  Meir info om prosessen bak,  sjå her.

Magnus Snøtun (Publisert:20.12.2011 Sist endret:09.05.2019)