Vest-Jotunheimen villreinområde

Villreinflokken på Berdalsfjellet.
Villreinflokken på Berdalsfjellet., Foto: Magnus Snøtun

 

Vest-Jotunheimen villreinområde omfattar fjellområda frå Liabrekulen, Prestesteinsvatnet og Gravdalen i nord (kommunegrensa mot Lom); Olavsbu, Uranostinden, Breikvam og vegen Årdal Tyin i aust (kommunegrensa mot Lom og Vang) og og ut over Årdalshalvøya i sør. Villreinflokken frå lufta.Arealet er på ca 1000 km2. Det har ikkje vore villrein aust for Utladalen dei seinare åra. Bestanden er hovudsakleg etterkommerar etter forvilla tamrein på 1960-talet. Det kan vere noko utveksling mot bestanden Ottadalen-sør i nordvest.

Villreinen sin bruk av området:

Vanleg bruk har vore at nesten alle dyra i bestanden har samla seg i indre del av området, mot Austabotn og Sognefjellet, i vinterhalvåret. Her er dei beste vinterbeita med mindre nedbør og meir avdrifter. Mot våren trekker simler og ungdyr sørover ut på Årdalshalvøya. Kalvingsplassar har vore Mordalen/Årdalslangedalen. Dei held seg her i ytre del av området fram mot vinteren att. Mesteparten av bukkane vert gåande i indre del av området gjennom sommaren til brunsten set inn. Då trekker dei sørover til dei ytre delane av området før dei returnerer til dei indre delane på vinterbeita att.

I 1989 vart det utført ei beitegransking som viste at vinterbeita var noko nedslitne, men at sommarbeita var generelt gode. Det vart tilrådd å halde bestanden på mellom 360 og 460 vinterdyr.

Villreinflokken i driv på Berdalsfjellet.Utviklinga av bestanden:

Villrein-bestanden i Vest-Jotunheimen har vore godt overvaka, særleg dei seinare år. Sidan slutten av 80-talet har det blitt gjort årlege tellingar, hovudsakeleg gjennom bakketelling, men regelmessig med helikopter. I tabell nedst er helikoptertellingar lista opp.

Forvalting av verneområdet og villrein:

Verneområda Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde dekker deler av området til Vest-Jotunheimen villreinområde. Berre dei vestlegaste delane av Utladalen har blitt brukt av villreinen dei siste åra, men saman med Hurrungane er dette eit viktig og sårbart område for overlevinga av denne bestanden av villrein.

I forvaltningsplanen for Jotunheimen og Utladalen heiter det: "Forvaltninga av nasjonalparken må sjåast i samanheng med villreinforvaltninga i området for å dempe og om mogleg unngå konfliktar mellom villrein og friluftsliv." Forvaltningsplanen har også definert Hurrungane med vestre del av Utladalen som ei "vernesone" som i stor grad skal bevarast som i dag og ikkje opnast for meir tilrettelegging.

År Vinterbestand Felte dyr
1988 / 89 (bakketelling) 495 224
1992 / 93 312 61
1997 / 98 307 49
2002 / 03 397 65
2007 / 08 197 ikkje jakt
2008 / 09 170 ikkje jakt
2009 / 10 182 ikkje jakt
2010 / 11 268 ikkje jakt
2011 / 12 303 ikkje jakt
2012 / 13 ca. 315 -
     
2018 307 39 bukkar. Prioritert vaksne dyr for CWD-testing
Magnus Snøtun (Publisert:17.01.2013 Sist endret:29.05.2019)