Styredokument

Møysalen nasjonalparkstyre har forvaltningsmyndigheit for Møysalen nasjonalpark, Møysalen landskapsvernområde og Svellingsflaket landskapsvernområde.

Møter for nasjonalparkstyret og arbeidsutvalget til nasjonalparkstyret er opne offentlege møter. Sekretariatet sender innkalling til styret i tillegg til at sakspapira blir tilgjengelege på på denne sida.

Etter møtet blir det ført protokoll som også er tilgjengeleg. Vedtak gjort med heimel i verneforskrifta for dei enkelte verneområda eller i naturmangfoldlova blir i tillegg lagt ut på miljøvedtaksregisteret, og blir søkbare der. Offentlege dokument som ikkje er unnateke frå offentlegheita kan dessutan søkjast opp via offentleg elektronisk postjournal (OEP).


Møta i Møysalen nasjonalparkstyre

På denne sida vil møteinnkallingar og møteprotokollar for Møysalen nasjonalparkstyre bli lagt ut. Protokoll for styremøte er den offisielle møteboka for Møysalen nasjonalparkstyre.

(Publisert:20.02.2015 Sist endret:16.03.2016)

Møta i arbeidsutvalget for Møysalen nasjonalparkstyre

Utvalget kan behandle saker som ikkje har stor påverknad på verneverdiane. Saker med stor påverknad på verneverdiane skal behandlast av styret. Protokollen for arbeidsutvalet for Møysalen nasjonalparkstyre er den offisielle møteboka for utvalget.  

(Publisert:20.02.2015 Sist endret:20.03.2015)