Stor minkaksjon i Svellingsflaket

Ved Flakholmen heilt vest i Svellingsflaket
Ved Flakholmen heilt vest i Svellingsflaket

I veke 16 var 5 hundeekvipasjar frå Statens Naturoppsyn (SNO) på besøk i Svellingsflaket landskapsvernområde for å fjerne mest mogleg mink.

I løpet av dei fem dagane aksjonen stod på vart alle øyer og holmar i landskapsvernområdet, rundt Risvær og elles andre øyer og holmar som det var naturleg å ta med gått over med hund. Lokale båtførarar og anna støttemannskap var uvurderleg hjelp i gjennomføring av aksjonen. Vêret var dessutan overraskande godt, og det tok 4 dagar å gå over heile målområdet, og fuglane i Svellingsflaket fekk 78 mink mindre å bekymre seg for. 

Den siste dagen vart bruka til å sette ut 25 feller spreidd rundt i området, og desse skal røktast av lokale til SNO på nytt kjem på besøk til neste år for å gå over området igjen. Da håpar ein å finne spiren til meir fugleliv, og minimalt med mink.

Journalist Lars-Petter Kalkenberg frå NRK var med eit par dagar av aksjonen, og vedlagt er linkar til eit par reportasjar han har laga om saka.

(Publisert:02.05.2016 Sist endret:27.04.2017)