Minkjakta i Svellingsflaket lvo 2017

Den første veka etter påske gikk årets minkjakt av stabelen. 

Ailo og Balto tek ein velfortjent kvil

Hundeekvipasjar frå SNO, lokale båtførarar og hjelpesmenn samla seg på Risvær 17. april. Under aksjonen på den same tida i fjor vart det teke 78 mink, og i tillegg var eit 30-tal tatt i feller sidan da, så det var stor spenning knytt til kor mange mink som var å finne i området i år.

Veka var prega av mykje vêr. Dei første dagane var finast, og dei ytterste øyane vart prioriterte da, og ein fekk gått over dei fleste av øyane der det var moglegheiter for at mink kunne opphalde seg. 

Det vart funne og avliva 13 mink i løpet av veka, pluss at nokre til hadde gått i fellene i løpet av vinteren. Så neste års aksjon kan ein forvente å finne kun eit fåtal av mink i området, om alt går etter plana.

Under er eit innslag på NRK Nordlandsnytt som viser litt korleis jakta foregår i praksis og eit par artiklar som er skrivne i samband med saka.  

(Publisert:27.04.2017 Sist endret:07.07.2017)