Minkaksjonen i Svellingsflaket 2018

Sporsnø og flatt hav i Svellingsflaket lvo
Sporsnø og flatt hav i Svellingsflaket lvo

9. - 12. april gikk den 3. våraksjonen mot mink av stabelen i Svellingsflaket lvo.

I år som i fjor var basen på Risvær. Til forskjell frå i fjor var det godt med snø på øyene, ogEin av årets fem felte minkar det siste snødrysset kom natta før aksjonsstart. Fordelen med det var at det var god sporsnø og lett å sjå kva dyr som hadde vore ute og gått i området. Bakdelen var at det vart timesvis med graving og sveitting når ein mink vart lokalisert. Heldigvis vart det i år funne kun 5 levande mink, alle vart tekne ut, og kanskje var dette dei siste av dei fastboande minkane i området.I tillegg vart 6 minkar henta ut av fellene som står ute. 

Neste steg no er besøk frå SNO ca i august, da  ungekulla byrjar og spre seg. Da veit ein korleis restbestanden i området er, og kan legge ei plan for vegen vidare. 

(Publisert:17.04.2018)