Søppelplukking i Svellingsflaket 2018

Første veka i september vart elevar frå Digermulen skole skyssa ut til Auster-Oksøya av Kystvakta for årets søppelplukkingsøkt. I år sette vêret ein stoppar for overnatting, men elevane fekk ein god plukkedag og vi fekk med oss rundt 2 kubikk med søppel heimover.Eit av to søppeldeponi på Auster-Oksøya

Kystvakta hadde alt heile akterdekket fullt av søppel da dei plukka oss opp. Noko var frå Lofoten, og noko var plukka av Lofoten Folkehøgskole på Store Selsøya. Dei hadde skyssa heile skulen dit, rundt 100 mann, og hadde fått med seg vesentlege mengder søppel derifrå. Tilsaman leverte Kystvakta totalt 37 kubikk søppel til ein konteiner sponsa av RenoVest i Lødingen Hamn. 

(Publisert:20.09.2018)