Søppelplukking i møysalen lvo 2017

14. september skyssa Kystvakta 32 personar frå Digermulen skole, Vestbygd skole, oppsyn og nasjonalparkforvalter ut til Store Ingjelsøya heilt sørvest i Svellingsflaket landskapsvernområde. Her vart det slått leir, og målet for denne dagen og neste var å få mest mogleg av søppelet i området samla saman og frakte ut til Kystvaktskipet KV Heimdal. Biletet over viser lettbåten frå Kystvakta som tauar oppdrettsrør ut til moderskipet. 

Ryddeaksjonen i 2016 vart avlyst på grunn av dårleg ver og årets aksjon var i utgangspunktet planlagt tidlegare på hausten og vart utsatt av same grunn, men desse to dagane var vergudane verkeleg på vår side. Havet var tilnærma flatt og sol frå nesten skyfri himmel vart avløyst av ein kveld med vakkert nordlys over leiren. Dagen etter vart Store Ingjelsøya erklært søppelfri og Kystvakta forflytta troppane til Store Rotta, som også vart ferdigstilt før vi måtte returnere til lands igjen.

På desse to dagane vart Store Ingjelsøya og Store Rotta på det næraste reinplukka, og tilsaman 940 kg søppel vart levert av kystvakta til ein konteiner i Lødingen hamn. Denne var kosta av RenoVest sine strandryddemidlar. Biletet viser søppelet vi plukka på dekket av KV Heimdal: Mange meter med rør og fem storsekkar med assortert utvalg av flasker, tauverk, isopor, plastkavlar, bildekk...

Lofoten Folkehøgskole hadde også en aksjon i Svellingsflaket høsten 2017. Samtlige elever ble fraktet ut til Store Svelligen med gamle Lofotferga og tilbragte et par dager med søppelplukking her. Kystvakta bistod også her, og frakta 40 m3, til saman 2580 kg med søppel til lands i Svolvær til Lofoten Avfallsselskap.Søppel og bagasje i skjønn forening på KV Heimdals akterdekk

(Publisert:14.11.2017 Sist endret:20.09.2018)