Verneområde

Møysalen nasjonalparkstyre har forvaltningsmyndigheit for tre verneområde:

Møysalen nasjonalparkMøysalen og Møysalen landskapsvernområde

Fjordane og dei kystalpine terrengformasjonane i Møysalen representerer landskapstyper som i liten grad er verna tidlegare, og området er i tillegg lite berørt av tyngre tekniske inngrep.

Tilsaman utgjer nasjonalparken og landskapsvernområdet eit intakt utsnitt av eit kystalpint landskap som strekkjer seg frå det høgaste fjellet i Vesterålen/Lofoten, Møysalen på 1262 moh, til fjøre i Lonkanfjorden, Ingelsfjorden og Innerste delen av Øksfjorden med Austpollen og Vestpollen. 

Møysalen blir i hovudsak bruka til tradisjonell hausting av naturressursar i form av reindrift og tradisjonelle former for friluftsliv, jakt og fiske.

Svellingsflaket landskapsvernområde

Frå Store Svellinge mot fastlandetDette er det einaste større øyområdet i regionen. Kyststrøka her består vanlegvis av ei meir rein kystlinje, med enkeltøyer utanfor. Dei næraste øyane med tilsvarande utforming er Røstøyene i Røst og Engelværet i Steigen.

Fuglefaunaen i området er stort sett vanlige for regionen, både når det gjeld artsutvalg og og antal. Hekking av storskarv og fleire par havørn er likevel spesielt. Området er også eit viktig hekkeområde for grågås.

Området har stor verdi som rasteplass for fuglar på trekk og som overvintringslokalitet. Den arten som overvintrar i størst antal er ærfugl, men også andre artar forekjem i relativt høge antal.