Styret

Utsikt frå Stigavarden mot Aurlandsfjorden
Utsikt frå Stigavarden mot Aurlandsfjorden, Foto: Anbjørg Nornes

 

Nærøyfjorden verneområdestyre er oppnemnd av Miljøverndepartementet som forvaltningsmynde for verneforskrifta for:

  -  Nærøyfjorden landskapsvernområde
  -  Bleia - Storebotnen landskapsvernområde
  -  Bleia naturreservat
  -  Nordheimsdalen naturreservat
  -  Grånosmyrane naturreservat

Fyrste styret vart etablert 30. august 2011.

Dokument som vert sendt inn til eller ut frå verneområdestyret vert arkivert hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Difor er postadressa til verneområdestyret den same som til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Dette kvalitetssikrar arkivfunksjonen og gjer alle offentlege dokument knytt til nasjonalparkstyret tilgjengelege gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP). Under er ein link til dokument som er knytt til Nærøyfjorden verneområdestyre siste månaden på OEP. Klikk på "endre søkekriterie" for å utvide eller innskrenke søket i tid.


Vedtekter

Utsikft frå Stigen

  Vedtektene set rammene for verneområdestyret sitt arbeid som forvaltningsmynde.  

Styremedlemmer

Stalheimskleiva og Nærøydalen

Medlemmane i verneområdestyret er lokale og regionale politikarar. Under er ei oversikt over styremedlemmer denne og forrige styreperioden.

(Publisert:29.11.2011 Sist endret:24.10.2016)

Arbeidsutval

Linerla er eit av vårteikna her i område, her er ho på Ramsøy

Styret kan velgje å nedsette eit arbeidsutval. Etter styrevedtektene kan arbeidsutvalet handsame saker som ikkje har stor påverknad på verneverdiane.

(Publisert:29.11.2011 Sist endret:23.02.2016)

Rådgjevande utval

Stølen Øyane er godt vedlikehaldt av grunneigarane i området.

Oversikt over interessegrupper og organisasjonar som er representerte i rådgjevande utval

(Publisert:29.11.2011 Sist endret:23.02.2016)