Anbod - rapportskriving besøksstrategi, forvaltningsknutepunkt Aurland

Nærøyfjorden verneområdestyre og Stølsheimen verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om kjøp av tenester for å skrive rapportar om besøksstrategi for Nærøyfjorden og Stølsheimen.

Det skal utarbeidast ein rapport med besøksstrategi for kvart av verneområdestyra. Meir informasjon finn de under oppdragsskildringa.

Vi ber om at interesserte registerer seg i Fylkesmannen sitt elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy via denne lenka: https://eu.eu-supply.com/login.asp. Rettleiing for registering finn de her

Etter at du har registrert verksemda i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet, må du senda ein e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no og be om invitasjon til konkurransen

(Publisert:23.03.2018 Sist endret:21.03.2018)