Anbod - sti- og murarbeid i Nærøyfjorden landskapsvernområde

Nærøyfjorden verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om kjøp av tenester for istandsetting og oppgradering av stiar og murar i Nærøyfjorden landskapsvernområde.

Arbeidet krev særleg omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiane sidan arbeidet skjer innanfor landskapsvernområde, verna i medhald av naturmangfaldlova. Meir informasjon finn de under oppdragsskildringa.

Tilbodsfrist er 24. april 2018 kl. 12.00

Vi ber om at interesserte registerer seg i Fylkesmannen sitt elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy via denne lenka: https://eu.eu-supply.com/login.asp.  Rettleiing for registering finn de her

Etter at du har registrert verksemda i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet, må du senda ein e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no og be om invitasjon til konkurransen.

(Publisert:23.03.2018)