Elektronisk søknadskjema for motorferdsel

Søknad om motorferdsel i Nærøyfjorden landskapsvernområde kan no sendast elektronisk. Ved at du fyller ut skjema, vil forvaltninga få dei opplysningane som trengs for å behandla søknaden. Det vil gje raskare behandling av saka.

Elektronisk søknadskjema motorferdsel

Motorferdsel i verneområdet er i utgangspunktet forbode med nokre unntak. Nærøyfjorden verneområdstyre kan på nærare vilkår gje løyve til luft- og snøskutertransport av materiale til hytter, bruer m.v. og av brensel, utstyr og proviant til hytter og stølar.

Ta kontakt med verneområdeforvaltar om du har spørsmål

(Publisert:13.07.2015 Sist endret:19.12.2019)