Har strategien klar for Stølsheimen og Nærøyfjorden

Etter tre års arbeid er no den siste godkjenninga frå Miljødirektoratet i boks, og verneområdestyra for Nærøyfjorden og Stølsheimen kan presentere kvar sin besøksstrategi.

Besøksstrategien for Nærøyfjorden kan du lese her. 

– Denne strategien vil vere eit nyttig verktøy for å forvalte verneområda på ein strategisk og god måte, uttalar styreleiar i Nærøyfjorden verneområdestyre, Trygve Skjerdal.

Han er godt fornøgd med at det no finst ein plan for tilrettelegging, styring av ferdsel, kunnskapsformidling og informasjon til besøkjande, og håpar mange, også i reiselivsnæringa, vil ta den i bruk.

I over tre år har verneområdestyra diskutert, skrevet og henta inn innspel om korleis verneområda i Nærøyfjordområdet og Stølsheimen best kan forvaltast i møte med dei mange som vil oppleve områda.

-          Det er ikkje berre lett å finne ein balanse mellom å ta vare på verneverdiane, gje gode opplevingar og leggje til rette for lokal verdiskaping, alt på same tid. Men eg trur denne planen vil vere eit viktig bidrag til dette arbeidet, seier Skjerdal. 

Styreleiar i Stølsheimen verneområdestyre, Sigbjørn Hauge, har vore med på prosessen sidan starten, og kan bekrefte at det har vore ein omfattande prosess.

-          Det er kjekt å endeleg kunne presentere eit ferdig dokument, men arbeidet er ikkje ferdig sjølv om strategien er ferdig, uttalar han. – Begge strategiane har ein omfattande tiltaksplan, så det er no det viktigaste arbeidet startar. 

Mellom tiltaka i strategiane er tilrettelegging og vedlikehald av ei lang rekke stiar og besøksmål, utvikling av nettside, tiltak for å styre trafikk på fjordane og ein tett dialog med reiselivet.  Strategiane legg ein plan for kva delar av verneområda som kan leggjast til rette for meir besøk, og kva område ein vil prøve å styre ferdsel utanom, av omsyn til verneverdiane.

-          Det er fantastisk flotte og populære område vi er sett til å forvalte. Dette gir både moglegheitar og utfordringar. Forhåpentlegvis vil desse strategiane vise seg å vere dei framtidsretta dokumenta vi treng for å balansere omsyn til naturen, besøkande og lokal verdiskaping på ein god måte, avsluttar Hauge.

(Publisert:03.07.2020)