Avlyst!!! Innspelsmøte - revidering av forvaltningsplan

På grunn av situasjonen med spreiing av corona-smitte avlyser vi alle dei planlagde innspelsmøta no i mars. Ny runde med innspelsmøter vil bli annonsert når situasjonen har roa seg. 

Nærøyfjorden verneområdestyre har starta opp arbeidet med revidering av forvaltningsplan for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. I den samanheng inviterer vi til opne folkemøte. 

Forvaltningsplanen for Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden som gjeld i dag, finn de her

Oppstartsmelding med prosjektplan finn de her. 

(Publisert:28.02.2020 Sist endret:18.03.2020)