Ledig fast jobb som verneområdeforvaltar

Nærøyfjorden ved Odnes
Nærøyfjorden ved Odnes, Foto: Anbjørg Nornes

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har ledig fast jobb i sekretariatet for Nærøyfjorden landskapsvernområde. Kontorstad er i Aurland. Arbeidet inneber breitt samarbeid med lokale, regionale og nasjonale myndigheiter, politikarar, grunneigarar, reiselivsverksemder og organisasjonar. Frist for å søkje er 2. desember.

Sjå her for fullstendig stillingsutlysing:

https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/160520/verneomraadeforvaltar-for-naeroeyfjorden-landskapsvernomraade

Vær obs på den korte søknadsfristen. Ta kontakt om du lurer på noko !

Fyleksmannen i Sogn og Fjordane har også ledig fast stilling som nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen nasjonalpark, med kontorplass i Gaupne. Søknadsfristgen er den same. Sjå meir info her: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/160511/nasjonalparkforvaltar-for-jostedalsbreen-nasjonalpark

Stillingane for Nærøyfjorden og Jostedalsbreen inneber mykje av dei same arbeidsoppgåvene.

(Publisert:16.11.2018)