Nærøyfjorden verneområdestyre har hatt sitt fyrste møte

Møte i Nærøyfjorden verneområdestyre 1. mars 2016. Frå venstre Iril Scahu Johansen, Noralv Distad, Olav Turvoll, Gunn Beate Sjøthun, Gunn Åmdal Mogstad og Anbjørg Nornes
Møte i Nærøyfjorden verneområdestyre 1. mars 2016. Frå venstre Iril Scahu Johansen, Noralv Distad, Olav Turvoll, Gunn Beate Sjøthun, Gunn Åmdal Mogstad og Anbjørg Nornes

1. mars vart ny leiar og nestleiar valt i Nærøyfjorden verneområdestyre. Det nye styret er valt for perioden 2016 til 2019. Noralv Distad, ordførar i Aurland vart gjenvalt som leiar, og Olav Turvoll, ordførar i Vik, vart valt som nestleiar. Dei andre i styret er Bjørg Djukastein frå Voss kommune, Jan Geir Solheim frå Lærdal kommune, Gunn Åmdal Mogstad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Iril Schau Johansen frå Hordaland fylkeskommune. Gunn Beate Sjøthun er vara for Lærdal kommune.

Saker som var oppe på møtet ligg på heimesida under styredokument. Her vert møteprotokollen lagt ut når den er godkjent.

(Publisert:04.03.2016 Sist endret:08.07.2016)