Ny leiar og nestleiar i verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap

Ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb, vart den 1. desember 2015 valt til ny leiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap for perioden 2016 - 2017. Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, vart på same tid valt til nestleiar.

 

I pressemeldinga som er sendt ut frå verdsarvrådet, kjem leiar og nestleiar med kommentar til arbeidet i verdsarvrådet.

(Publisert:05.01.2016 Sist endret:08.07.2016)