Nytt naturreservat: Geitanosi

I november 2020 vart naturreservartet Geitanosi oppretta. Det nye verneområdet er eit resultat av frivillig skogvern, og Nærøyfjorden verneområdestyre har fått forvaltningsansvaret for området. 

Geitanosi naturreservat i Aurland kommune vart verna ved kongeleg resolusjon 27. november 2020. Området var tidligare ein del av Nærøyfjorden landskapsvernområde, forvalta av Nærøyfjorden verneområdestyre.

Geitanosi naturreservat er eit skogreservat, der grunneigar har tilbudt staten å verne eit drøyt tolv tusen dekar stort område nordaust for Styvi. Skogen består av rik edellauvskog med alm-lindeskog, gamal boreal lauvskog, bekkekløfter og fosseeng, og det er registrert fleire trua og skjeldne artar i området. Frå gammalt av vart lind frå denne skogen nytta til å lage bastetau.

Verneforskrift

Vernekart

(Publisert:18.01.2021)