Utlysing - Skjøtselsarbeid i verneområde i Nærøyfjordområdet

Nærøyfjorden verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om skjøtselsarbeid i verneområde i Nærøyfjordområdet.

Arbeidet krev særleg omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiane sidan arbeidet skjer innanfor verneområde. Meir informasjon finn de under Konkurransegrunnlag og Kontrakt.

Tilbodsfrist er 12. april 2021 kl. 23.59

Tilbod sendast på e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no og merkast «Konkurranse skjøtselsarbeid Nærøyfjorden 2021»

Konkurransen gjeld ikkje eksisterande avtaler verneområdestyret har med grunneigarar om skjøtsel på deira eigedom. 

(Publisert:22.03.2021 Sist endret:24.03.2021)