Tiltak og prosjekt

Renovering av hytta ved Sagi i Nordheimsdalen naturreservat
Renovering av hytta ved Sagi i Nordheimsdalen naturreservat, Foto: Harald Skjerdal

 

Kvart år gjennomfører verneområdeforvaltninga ei rekkje tiltak knytt til vedlikehald, skjøtsel og tilrettelegging. Nærøyfjorden verneområdestyre søkjer om midlar frå sentrale styresmakter til ulike prosjekt. Vanligvis er det SNO lokalt og Fjellstyret som gjennomfører eller administrerar gjennomføringa  av desse prosjekta. Lokale organisasjonar eller grunneigarar er som regel sentrale i gjennomføringa av prosjekta.

(Publisert:28.11.2011 Sist endret:18.11.2013)

Oppstarta tiltak

Her er det elevar frå Sogn Jord og Hagebruksskule i samarbeid med SNO som restaurerer Handadalsbrui

    Tiltaka vert vurdert og prioritert av Nærøyfjorden verneområdestyre. Det kan vere vedlikehald og opprusting av infrastruktur, informasjonstiltak eller årleg skjøtsel. Under er ei liste over oppstarta tiltak.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:11.01.2013)

Gjennomførte tiltak

Brubygging i Nordheimsdalen, gjennomført av skuleelevar frå Sogndal Folkehøgskule og Aurland Fjellstyre

Sidan opprettinga av verneområda i Nærøyfjorden, har det vorte gjennomført og iverksett ei rekke tiltak og prosjekt. Under er nemnt nokon av prosjekta som verneområdeforvaltninga har finansiert og styrt. I tillegg kjem fleire mindre tiltak eller prosjekt som er gjennomført av private eller frivillige organisasjonar.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:10.01.2013)

Planlagde tiltak (tiltaksplanar)

På Fronnes i Aurlandsfjorden er SNO i ferd med å rydde stiar, vedlikehalde bruar og sette opp nye informasjonskilt

Verneomrrådestyret sette opp plan for tiltak i 2013 i styremøte 21. november. Tiltaka er i samsvar med forvaltningsplan for Nærøyfjorden verneområde. Tiltaka kan gjennomførast dersom dei vert fullfinansiert. Det er sendt søknad om tiltaksmidlar til DN/SNO for 2013. Svar på søknad kjem i februar/mars.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:26.04.2013)

Bestillingsdialog

Kristoffer Ullern Hansen, SNO lokalt, har ansvar for gjennomføring av mange av tiltak i Nærøyfjorden verneområde, og har oppsyn med tiltaka.

Kvart år vert det løyvd midlar til tiltak i verneområda over statsbudsjettet. Ein eigen pott er avsett til tiltak i større verneområde. I samarbeid mellom SNO sentralt og DN, vert denne potten fordelt til dei ulike verneområdestyra. Kvar haust må kvart verneområdestyre søke om midlar til ulike prosjekt inn mot denne potten. Prosjekta skal vere positive for verneformålet og vere i tråd ...

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:26.04.2013)