Planlagde tiltak (tiltaksplanar)

På Fronnes i Aurlandsfjorden er SNO i ferd med å rydde stiar, vedlikehalde bruar og sette opp nye informasjonskilt
På Fronnes i Aurlandsfjorden er SNO i ferd med å rydde stiar, vedlikehalde bruar og sette opp nye informasjonskilt, Foto: Kristoffer U. Hansen


Verneomrrådestyret sette opp plan for tiltak i 2013 i styremøte 21. november. Tiltaka er i samsvar med forvaltningsplan for Nærøyfjorden verneområde. Tiltaka kan gjennomførast dersom dei vert fullfinansiert. Det er sendt søknad om tiltaksmidlar til DN/SNO for 2013. Svar på søknad kjem i februar/mars.

Planlagde tiltak 2013
Bru i Nordheimsdalen
Kai ved Fronnes og Stigen
Restaurering av stiar og murar
Rovfuglregistrering
Informasjon og tilrettelegging innfallsportar
Skjøtsel Drego, Høydøla
Oppsett av toalett Skogane, Nedbergo, Stigen
Reparasjon forbygging av Styviselva
Skjøtsel og formidling av natur- og kulturverdiar på Stigen

Årlege skjøtselstiltak i samsvar med forvaltningsplan og skjøtselsplan kjem i tillegg.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:26.04.2013)