Verneområde

Kartet viser den geografiske forskjellen mellom verneområdet og verdsarvområdet.
Kartet viser den geografiske forskjellen mellom verneområdet og verdsarvområdet.

Dei tre naturreservata og to landskapsverneområda som Nærøyfjorden verneområdestyre har forvaltningsansvar for, omfattar eit område på omlag 683 km2. Nærøyfjorden verdsarvområde, som er eit av delområde i Vestnorsk fjordlandskap og er på UNESCO si verdsarvliste,omfattar same område som verneområde, men i tillegg er busette område i Nærøyfjorden, og Undredal i Aurlandsfjorden med. Det verna området utgjer omlag 96 % av verdsarvområdet. Etter området fekk verdsarvstatus, vart stiftelsen Nærøyfjorden verdsarvpark oppretta. Verdsarvparken sitt ansvarsområde er arbeid med lokalsamfunns- og nærings-utvikling, medan Nærøyfjorden verneområdestyre har forvaltningsansvaret for området. 

Verneområdestyret og verdsavparken har eit felles ansvar for, og overordna mål om å sikra både natur- og kultur-verdiane i Nærøyfjordområdet. 


Nærøyfjorden landskapsvernområde

Styvi er eit verdifult levende kulturlandskapi Nærøyfjorden landskapsvernområde. Her ser me Styvi gard med Dyrdal på andre sida av fjorden.

Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde: Det eigenarta natur- og kulturlandskapet frå fjord til fjell med eit mangfaldig plante- og dyreliv skal takast vare på. Slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne er framleis i  aktiv bruk gjennom landbruket, og dette er ein vesentleg del av landskapet sin karakter, og er ein del av landskapsvernet.     Kvar ...

(Publisert:13.12.2012 Sist endret:16.01.2013)

Bleia - Storebotnen landskapsvernområde

Bleia-Storebotnen landskapsvernområde er ein del av leveområdet for villreinen i Nordfjella villreinområde.

Føremålet med Bleia–Storebotnen landskapsvernområde: Å ta vare på natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell.  Ein vesentleg del av landskapet sin karakter er det gamle slettelandet og fjordlandskapet med ein variert vegetasjon og ein fauna med villrein, der  bre-isen har vore aktiv formgjevar.  Kvar: Aurland og Lærdal kommunar, Sogn og FjordaneOppretta: 10. november ...

(Publisert:13.12.2012 Sist endret:12.04.2013)

Bleia naturreservat

Urvalmuen i Bleia naturreservat gjer området nord for Bleia svært botanisk interessant.

  Føremålet med Bleia naturreservat: Viktigaste føremålet for naturreservatet er å sikre ein lokalitet med urvalmue av særleg vitskapleg verdi. Det er og viktig å ta vare på det særmerka fjordlandskapet med sin kvartærgeologi, med uvanleg storskala raviner og fjellryggar.  Kvar: Lærdal kommune, Sogn og Fjordane Oppretta: 8.oktober 2004Areal: omlag 22 km2 Gjeldande plandokument:Verne ...

(Publisert:13.12.2012 Sist endret:16.01.2013)

Nordheimsdalen naturreservat

I Nordheimsdalen står endå i dag ein del bygningar frå stølsdrifta.

  Føremålet med Nordheimsdalen naturreservat: Vern av skogområde med alt som det inneheld av plante- og dyreliv. Dermed skoggradienten frå fjøre til fjell med det stort mangfald av ulike furuskogstypar som til dels har urskogpreg, truleg det sterkaste på Vestlandet.   Kvar: Aurland og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke Oppretta: 17. desember 1999Areal: om lag 13 ...

(Publisert:13.12.2012 Sist endret:10.04.2013)

Grånosmyrane naturreservat

Det er lite anna enn tursti av menneskelege tiltak gjennom Grånosmyrane, der er det fuglar og fauna som har prioritet.

  Føremålet med Grånosmyrane naturreservat: Området er freda på grunn av rikt og sårbart fugleliv i eit fjell- og våtmarksområde.    Kvar: Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke og Voss kommune i Hordaland fylke Oppretta:15. desember 1995Areal: omlag 3,4 km2 Gjeldande plandokument:Verneforskrift for Grånosmyrane naturreservatForvaltingsplan – Vestnorsk fjordlandskap   ...

(Publisert:13.12.2012 Sist endret:11.01.2013)