Bleia naturreservat

Urvalmuen i Bleia naturreservat gjer området nord for Bleia svært botanisk interessant.
Urvalmuen i Bleia naturreservat gjer området nord for Bleia svært botanisk interessant. , Foto: Tom Dybwad

 

Føremålet med Bleia naturreservat: Viktigaste føremålet for naturreservatet er å sikre ein lokalitet med urvalmue av særleg vitskapleg verdi. Det er og viktig å ta vare på det særmerka fjordlandskapet med sin kvartærgeologi, med uvanleg storskala raviner og fjellryggar. 

Kvar: Lærdal kommune, Sogn og Fjordane
Oppretta: 8.oktober 2004
Areal: omlag 22 km2

Gjeldande plandokument:
Verneforskrift for Bleia naturreservat
Forvaltingsplan – Vestnorsk fjordlandskap

 

 


 

Naturmiljø: Dei største naturverdiane innan naturreservatet er knytt til lokaliteten for urvalmue (Papaver radicatus ssp. Relictum). Samstundes er det kvartærgeologisk særmerkte fjordlandskapet grunnlaget for eit botanisk og urskogprega verdfullt område. Det ekstreme fjordlandskapet på nordsida av Bleia med om lag 2700 m relieff, der Bleia står 1717 moh, gjer at fjorden er ca. 1000 m djup akkurat der.  

Kulturminne og kulturlandskap: Naturreservatet har generelt få menneskeskapte inngrep. Likevel fins der gammal slåttemark, støl på Hausafjellet og gammal ferjeveg som ligg inn mot Lærdalsøyri.  Området har og vore brukt til jakt, og der finns dyregraver.  

 

Du er gjest i landskapet:

  • Gå kvar du vil, på beina eller på ski.
  • Hovudregelen for bruk av motor er at all motorferdsel i utmark er forbode. 
  • Rast der du vil, og overnatt gjerne i telt. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan tenne bål, men hugs det generelle forbodet mot å brenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis hensyn når du sankar ved, og me oppfordrar om at du nyttar tilrettelagte bålplassar.
  • Du kan plukke bær, matsopp og vanlege planter til eige bruk. Ta hensyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra hensyn i hekke- og yngletida.
  • Nytt  deg av høvet til jakt og fiske. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eitt anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs bandtvang i perioden 1. april til 20. august.
(Publisert:13.12.2012 Sist endret:16.01.2013)