Nærøyfjorden landskapsvernområde

Styvi er eit verdifult levende kulturlandskapi Nærøyfjorden landskapsvernområde. Her ser me Styvi gard med Dyrdal på andre sida av fjorden.
Styvi er eit verdifult levende kulturlandskapi Nærøyfjorden landskapsvernområde. Her ser me Styvi gard med Dyrdal på andre sida av fjorden. , Foto: Tom Dybwad

Føremålet med Nærøyfjorden landskapsvernområde: Det eigenarta natur- og kulturlandskapet frå fjord til fjell med eit mangfaldig plante- og dyreliv skal takast vare på. Slåtteteigar, beitelandskap, stølsområde, gardsbruk og kulturminne er framleis i  aktiv bruk gjennom landbruket, og dette er ein vesentleg del av landskapet sin karakter, og er ein del av landskapsvernet.  

 

Kvar: Aurland og Vik kommunar i Sogn og Fjordane fylke og Voss kommune i Hordaland fylke
Oppretta: 8. november 2002
Areal:
omlag 576km2 inkludert sjø, 547 km2 landareal

Gjeldande plandokument:
Verneforskrift for Nærøyfjorden landskapsvernområde
Forvaltingsplan – Vestnorsk fjordlandskap

 


 

Kulturminne og kulturlandskap: I området er det framleis gardar som brukar det varierte kulturlandskapet. Stølar, høgdegardar, bjørkehagar, lauvingstre, slåtteenger og beitemark set preg på landskapet, og utmarka er framleis mykje brukt til beite. Det høge talet på stølar og høgdegardar i området viser kor viktig området har vore for landbruket.  På grunn av det særprega og varierte kulturlandskapet, der bruken har tilpassa seg naturområdet, har Nærøyfjorden vore nasjonalt prioritert kulturlandskapsområde. Det er ynskjeleg å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet og mangfaldet av artar som fylgjer av det.

Rundt omkring i heile området finns verdifulle kulturminne m.a. fangstanlegg med leidegjerde og dyregraver, og den gamle postvegen frå 1600 talet mellom Oslo og Bergen er retaurert og godt vedlikehalden,  og er i dag mykje nytta til turgåing.

Naturmiljø: Dei bratte fjella og tronge fjordane gjev ei spesiell oppleving i lag med den rike floraen og faunaen i området. Nærøyfjorden er om lag 250 m breid trengest på det smalaste og har om lag 25 fossar.  Her er det fleire vassdrag som er verna mot kraftutbygging, og innan landskapsverneområdet er litt mindre en 60km2 villmarksprega område, som  ligg meir enn 5 km frå tyngre tekniske inngrep. I området trivs blant anna hjort, villrein, kongeørn og kvittryggspett.  I området finns bergarten anortositt av svært god kvalitet, m.a. brukt til aluminiumsproduksjon, som gjer at fjellet ser spesielt lyst ut.

Blandinga av natur- og kultur ressursar slik det er nemnt ovanfor  fører til at området er eit av dei mest besøkte områda i Noreg. 

Du er gjest i landskapet:

  • Gå kvar du vil, på beina eller på ski. 
  • Hovudregel for bruk av motor er at all motorfersel i utmark er forbode. På fjorden er maksimalfart for båtar større enn 30 fot 8 knop forbi Skalmenes - Bleiklindi.  
  • Rast der du vil, og overnatt gjerne i telt. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan tenne bål, men hugs det generelle forbodet mot å brenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis hensyn når du sankar ved, og me oppfordrar om at du nyttar tilrettelagte bålplassar. 
  • Du kan plukke bær, matsopp og vanlege planter til eige bruk. Ta hensyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra hensyn i hekke- og yngletida.
  • Nytt  deg av høvet til jakt og fiske. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eitt anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs bandtvang i perioden 1. april til 20. august.
(Publisert:13.12.2012 Sist endret:16.01.2013)