Søke om dispensasjon

Enkelte tiltak og aktivitetar i landskapsvernområdet er i utgangspunktet forbode, men det er opna for at verneområdestyret kan gje dispensasjon. Dette gjeld mellom anna motorferdsel og ulike typar byggetiltak. Tiltakshavar må i slike tilfelle sende søknad til styret og søke om dispensasjon frå verneforskrifta. 

For å finne ut kva tiltak og aktivitetar som treng dispensasjon må ein lese i verneforskrift eller forvaltningsplan. Dersom ein ikkje finn det der, kan ein kontakte verneområdeforvaltaren. Då kan ein finne ut om tiltaket er lov utan dispensasjon, om det må søkjast om, eller om tiltaket ikkje er lov i verneområdet i det heile.

Dei mest vanlege dispensasjonssøknadane er søknader om motorferdsel i verneområdet. Med nokre få unntak er all motorferdsel søknadspliktig. Det er likevel ganske kurant å gje løyver til fornuftig og naudsynt motorferdsel innanfor visse rammer. Transport i samband med landbruk og beitebruk, og transport av forsyningar og materialar til stølar og hytter er mellom dei tiltaka som er vanleg å gje løyve til.

Søknad om motorferdsel kan gjerne vere kort og enkel, men den bør mellom anna innehalde informasjon om:
- kva er føremålet med motorferdsla?
- korleis skal det gjennomførast?
- kortid skal det gjennomførast?
- rute for motorferdsel

Andre vanlege søknader er ulike typar byggesøknader. Det gjelder både nybygging, oppattbygging, utviding eller ombygging. Vedlikehald som ikkje endrar utsjånad på bygning treng ikkje dispensasjon.

Søknad om ulike byggetiltak bør innehalde:
- Føremål med byggetiltaket, bruken av bygningen
- Beskriving av tiltaket, med teikningar og mål
- Beskriving av materialbruk og byggestil
Hugs og at ein må søke om eventuell motorferdsel i samband med transport av material og utstyr til bygging og vedlikehald.  

Dispensasjonssøknadane skal stilast til Styret for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og dei kan enten sendast til postmottaket hjå Fylkesmannen på Leikanger eller sendast direkte til verneområdeforvalteren. Søknad kan sendast både som brevpost og som e-post.
Adresser finn du nederst på sida.

(Publisert:25.06.2012 Sist endret:07.10.2015)