Friluftsliv

Skitur ved Gjengedalsstøylen
Skitur ved Gjengedalsstøylen, Foto: Rune Holen

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er eit populært område for friluftsliv.  Området er lett tilgjengeleg med innfallsportar inntil verneområdet på alle kantar. Likevel er dei indre delane av verneområdet ekte villmark der ein kan oppleve stillheit mellom ville fjell. Området har eit rikt tilbod av turstiar og fine turmål.

Verneområdet er veldig variert og har eit breitt spekter av tilbod for friluftsinteresserte. Her finn ein frodige stølsdalar med flott og lett tilgjengeleg kulturlandskap. Her er både merka og umerka turstiar og gamle ferdselsårer som går over fjell og gjennom dalar og som i tidlegare tider har knyta bygdene saman. Her finn ein høge fjell med flott utsikt som er populære toppturmål med fin nedkøyring. Og ikkje minst er her rike fiske- og viltressursar. 

I menyen til venstre finn ein informasjon om DNT-hytte, populære ruter og turmål, og kva innfallsportar ein har rundt landskapsvernområdet.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012 Sist endret:09.06.2017)

DNT-Hytta Longevasshytta

Longevasshytta litt sentralt i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og passer veldig fint som overnattingsplass for turar gjennom området.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012)
Les mer

Populære ruter

Det er mange flotte ruter inn i og gjennom Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Mange av rutene er gamle, tradisjonelle ferdselsårer som knyta bygdene rundt området saman. Her vart det drive dyr, frakta tømmer og frakta andre varer over fjellet. Nokre av stiane er merka, enten av DNT eller av lokale folk.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012 Sist endret:09.06.2017)
Les mer

Populære turmål

Skjorta Med sine 1472 meter over havet er Skjorta eit av dei høgaste toppane i landskapsvernområdet. Skjorta er eit karakteristisk fjell, og det er velkjent for alle rundt Breimsvatnet. Vanlegaste ruta opp til Skjorta går opp frå Førde, i sørenden av Breimsvatnet. Sandfjellet Sandfjellet ligg 1249 moh, mellom Angedalen og Naustedalen. Fjellet er veldig populært som «toppturfjell» på ski. Her er...

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012 Sist endret:23.07.2013)
Les mer

Innfallsportar

Der er mange fine utgangspunkt for turar og friluftsliv inn i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Desse kallar vi innfallsportar. Dei fleste har parkerkeringsplassar som er opne for ålmenta og dei mest populære turrutene og –stiane i verneområdet startar ved innfallsportane. På ein del av innfallsportane står det informasjonsskilt og nokre har og toalett.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012)
Les mer

Turkart

Kart er nyttig når ein skal planlegge turar i fjellet. Og mest av alt er det viktig å alltid ha med kart når ein ferdast i fjellet! Det er fleire kart ein kan bruke i Naustdal-gjengedal landskapsvernområde.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.12.2012)
Les mer