DNT-Hytta Longevasshytta

Longevasshytta litt sentralt i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og passer veldig fint som overnattingsplass for turar gjennom området.

Longevasshytta er ei DNT-hytte som Indre Sunnfjord Turlag eig og driv. Den ligg veldig sentralt plassert i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og det er den einaste DNT-hytta i verneområdet.  Det er mange flotte ruter som går til/frå Longevasshytta, og det går ruter til hytta frå alle kommunane som ligg rundt verneområdet.

Hytta er sjølvbetjent og har 9-10 sengeplassar pluss romsleg hems og sovesofa. Du kan lese meir om Longevasshytta her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012)